Rådmann

Utsyn frå Hålandsnipa - Klikk for stort bilete Vi søkjer etter ny rådmann. I godt og konstruktivt samarbeid med engasjerte folkevalde og om lag 600 dyktige medarbeidarar skal rådmannen drifte og vidareutvikle Høyanger kommune som organisasjon med gode tenester og som ein god stad å bu og leve.

Vi søkjer ein synleg, utviklings- og resultatorientert rådmann som er ein god endringsleiar og organisasjonsbyggjar. Du er tydeleg og handlekraftig, men samstundes motiverande og samlande for å nå felles mål gjennom gode prosessar.

Som rådmann er du ein strategisk og handlekraftig leiar med evne til effektiv gjennomføring av politiske vedtak.

Vi tilbyr:

  • Ei sentral toppleiarstilling med stor påverknad på viktige samfunnsområde i nært samspel med politisk nivå
  • Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i ein organisasjon i utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og motiverte medarbeidarar
  • Konkurransedyktig løn og god pensjonsordning i KLP

 

Arbeidsoppgåver:

  • Leiing av organisasjonen med fokus på godt samarbeid, strategi, heilskap, endringsleiing og god personalleiing
  • Effektiv drift og vidareutvikling med fokus på kvalitet og effektivitet innan gitte økonomiske rammer
  • God økonomistyring og rapportering
  • God sakshandsaming og effektiv oppfølging av politiske vedtak
  • Som rådmann er du pådrivar og tilretteleggjar for samfunns- og næringsutvikling.

 

Kvalifikasjonar:

  • God kjennskap til kommunal verksemd
  • Grunnleggjande økonomikompetanse/-forståing
  • Kompetanse innan personal- og organisasjonsleiing/organisasjonsbygging/endringsleiing
  • Leiarerfaring frå offentleg og/eller privat verksemd med gode resultat

 

Personlege eigenskapar:

  • Strategisk dyktig med evne til å tenke nytt, langsiktig og løysingsorientert
  • Tydeleg og handlekraftig med evne til gjennomføring
  • Gode relasjons- og kommunikasjonseigenskap med god forståing for partssamarbeidet i norsk arbeidsliv

 

Utdanning:

  • Høgskule/universitet

 

Søkjarar som ynskjer unnatak for offentleggjering av søknad etter søknadsfristen, må grunngje dette i søknaden. Kommunen vurderer dette i forhold til Lov om offentlegheit.

For nærare opplysningar kontakt ordførar Petter Sortland, tlf. 911 64 546 eller våre rådgjevarar i Skagerak Consulting Jan Sebjørnsen Storstein tlf. 950 09 444 eller Øyvind Drangsland, tlf. 918 32 891


Søknadsfrist: 25. november 2017


Elektronisk søknadsskjema via vårt søknadssenter. Merk søknad med sak 17/766.

 

 

Publisert av Kari Iren Birkeland. Sist endra 17.11.2017 av Kari Iren Birkeland
 
 
Login for redigering