Rehabilitering av samfunnshuset - ny dato for stenging og planar for drift

Klikk for stort bileteSom tidlegare informert er Høyanger kommune i gong med eit omfattande rehabiliteringsarbeid i Høyanger samfunnshus.

I rehabiliteringsarbeidet ligg mellom anna å bytte ventilasjonsanlegg for å redusere fyringsutgiftene, modernisere elektriske tavler for å betre tryggleiken, montere heis for universell tilkomst til festsal/kino, samt byte ut kinostolane.

Vi er no kome ei godt stykke ut i prosessen og ser at det vil vere mogeleg å ha full drift i samfunnshuset fram til 1. januar. Det gjeld både internbrukara og eksternbrukarar av samfunnshuset.

Ein påreknar langvarig stenging, over 1 år. Meir informasjon vil bli gjeve ved endringar.
 

Bibliotekdrift etter stenging av samfunnshuset:

Klikk for stort bileteDet vert bibliotekdrift  i Gunnar S. Galleriet for utlån av nyare bøker. Gjennom fjernlån kan publikum låne alt dei ønskjer av bøker ved å bruke biblioteket i galleriet. Høyanger bibliotek har avtale om  bibliotektransport 2 gonger i veka og bøkene vert levert og utlevert ved Gunnar S. Galleriet.  I Galleriet vil ein også ha aviskrok med ulike magasin og aviser. Publikum får her også høve for å sitte å lese og studere. Nyare lokalhistorie vert å finn i Høyanger industristadmuseum.

I tillegg til dette vert det barn- og ungdomsfilial lokalisert i Ungdomsklubben i Høyanger to gangar i veka.

Høyanger kino etter stenging av samfunnshuset:

Høyanger kino har inngått avtale med Bygdekinoen i perioden. Det vert kino ved Høyanger skule. Vi håpar å få til annankvar fredag.