Rullering av kulturminneplan 2020-24

Det er offentleg varsla om rullering av kulturminneplan med tilhøyrande nytt handlingsprogram for planperioden 2020-2024. Lysing i avisa Ytre Sogn tysdag 18/6-19.
Nytt denne gongen vert i tillegg å få med området Nessane som vi er ein del av frå 2020.

Innspel til handlingsplan og innmelding av objekt til kulturminneplan er første frist sett til
10 juli 2019. Meld innspel til postmottak@hoyanger.kommune.no

Første steg i innmelding av kulturminne bør innehalde:

  • Skildring av objektnamn på objekt
  • Eigar, lokalitet Gnr./Bnr.
  • Bakgrunn/historie
  • Bilde

Noverande kulturminneplan 2015-2019

Høyanger kommune gjennomførte sin noverande kulturminneplan basert på rettleiaren med alle trinn i planprosessen – frå melding/involvering av start i planarbeidet. Til grunn for planen planstrategiarbeidet vart det utarbeida planprogram, avgrensing av planarbeidet, medverking i planprosessen og råd om utarbeidinga av sjølve planen.

Rettleiar for arbeidet med kulturminneplan finn det i denne lenka:
https://www.riksantikvaren.no/Prosjekter/Kulturminne-i-kommunen-KIK/Veiledninger-og-registreringsskjema

Handbok for lokal registrering

Det er utarbeida ei "Håndbok for lokal registrering" til hjelp i det praktiske arbeidet med feltregistreringar i kommunen. Hensikta med arbeidet er å få god kunnskap og oversikt over lokalhistorie og kulturminne i kommunen.

Handbok for lokal registrering finn ein i denne lenka:
https://ra.brage.unit.no/ra-xmlui/bitstream/handle/11250/175691/Haandbok_for_lokal_registrering.pdf?sequence=3&isAllowed=y

Orienteringsmøte om start av rullering av plan

Høyanger kommune arrangerer møte om rulleringa av handlingsplan til kulturminneplan. Møte er ope for alle med interesse for arbeidet. Vel møtt!

 

Møtestad: Nessane, Grendehuset.

Tid: 27 juni 2019, kl. 19.00

 

Andre viktige dokument for planarbeidet: