Rutine for bruk og leige av Høyanger samfunnshus

Slik gjer du:

1. Book ønska tid og stad, seinast 14 dagar før hos Høyanger bibliotek: telefon: 57 71 15 90, mellom klokka kl: 10:00-15:30 på vekedagar. Tilbakemelding på førespurnad får du innan 7 dagar.

2. Leigetakar/brukar må sjølv avtale tidspunkt med vaktmeistar for gjennomgang av huset, minimum 3 virkedagar før arrangement/bruk. Kontakt vaktmeistar på telefon 992 19 417 på dagtid mellom kl. 08:00-14:00 på vekedagar, for avtale og signering av kontrakt.

3. Dersom punkt 1 og 2 ikkje er utført, vert det ikkje arrangement/utleige/bruk av samfunnshuset. Leigetakar/brukar må då sjølv avlyse.

Viktig:


- Hovuddør og heis er tidsprogrammerte, endringar av tidspunkt må difor avtalast med vaktmeistar
- Brannrutinar; kontaktperson for arrangement/bruk må meldast til vaktmeistar, som melder vidare til alarmsentralen
- Leigekontrakt må signerast for eksterne brukarar

Teknisk vakt kan kontaktast dersom ein uventa situasjon oppstår på tlf: 992 19 401.