Sjukepleiar

Høyanger helsesenter - Klikk for stort bilete Open omsorg (heimesjukepleie/heimehjelpstenester) Høyanger og er lokalisert i helsesenteret i Høyanger sentrum. Tenesta har 70-80 brukarar og arbeidsområdet er Høyanger/Kyrkjebø og Vadheim. Psykiatritenesta er organisert som ein del av tenestetilbodet i open omsorg. Vi har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar med vidareutdanning innan rus/psykisk helsearbeid frå 01.09.17. Stillinga inneber arbeid både ved psykiatritenesta         
                          og
open omsorg Høyanger.    

Arbeidstida er dagtid, men arbeid på ettermiddag/helg må påreknast.

Den som vert tilsett skal ha dagleg oppfølging av personar med rus og psykiske utfordringar i kommunen.

Søkjarar må:

  • ha utdanning som sjukepleiar med vidareutanning i rus/psykisk helse.
    Erfaring med arbeid innan same brukargruppe kan kompensere for manglande vidareutdanning.
  • ha førarkort kl B  - reiseverksemd på påreknast då den som vert tilsett har heile kommunen som arbeidsfelt.
  • kunne arbeide sjølvstendig og målretta
  • vere fleksibel og samarbeidsvillig
  • ha grunnleggjande datakunnskap eller vere villig til å lære dette.
  • søkjarar må ha god muntleg/skriftleg kunnskap i norsk
  • legge fram tilfredstillande politiattest ved tilsetting

Nærare opplysingar kan du få ved å kontakte einingsleiar Oddveig Eide på tlf 992 19 305.

Løn etter gjeldande tariff. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.

Søknadsfrist: 02.04.17

 

 Søknad via vårt elektroniske søknadssenter. Merk søknad med sak nr 17/196.

 

Publisert av Kari Iren Birkeland. Sist endra 17.03.2017 av Kari Iren Birkeland
 
 
Login for redigering