Koronavirus - Covid 19

Status 09.04.2021: Ingen nye påvist smitta. Vi har framleis ein påvist smitta som sit i isolasjon. 

Koronainformasjon frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open mån - tors, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Slik melder du deg på vaksinering

Klikk for stort bileteHøyanger kommune tilbyr no elektronisk registrering av alle personar frå og med 18 år som ønskjer/ikkje ønskjer vaksine mot Covid-19 i Høyanger kommune. For at vi skal kunne nå deg når det er din tur til å få vaksine, må du registrere deg. 

Les informasjonen under før du startar med å registrerer deg:

  • Det er KUN frå lenka/knappen under, frå Høyanger kommune si heimeside, du kan registrere deg, og du må logge inn med bankid/bankid på mobil.
  • Det er kun personar over 18 år som skal registrere seg.
  • Du skal òg melde om du IKKJE ønskjer å vaksinere deg, slik at vi har oversikt.
  • Du må svare på kven som er din fastlege og nokre spørsmål om di eiga helse, slik at du hamnar på rett plass i vaksinekøa. Hoppar du over å svare, kan du hamne lengre bak i køa.
  • Informasjonen vil bli lagra i din personlege journal i Helseboka. Det vil seinare kunne bli  delt med din fastlege.
  • Når du har registrert deg vil du få ei stadfesting på sms om at registreringa er motteken.
  • Du må vente ei stund til du ser ei endeleg stadfesting på timebestillinga. Vent med å lukke nettlesaren eller gå ut av helseboka, til du har fått stadfesta time. 
  • Du loggar ut ved å lukke nettlesar. Du vil bli beden om å logge inn eller bruke pinkode neste gong.
  • Du kan be om at informasjonen blir sletta etter at vaksineringa er ferdig.
  • Når du registrerer deg blir du automatisk sett i vaksinasjonskø, og når det blir din tur får du ei tekstmelding om oppsett time, eller du får ei tekstmelding om at du kan bestille time.
    Du kan ikkje bestille time før du har motteke denne sms'en.

    Sjølve timebestillinga vil føregå på same måte; du logger deg inn på samme nettstad og bestiller time. Vaksina består av to dosar, og du bestiller tid for begge dosane samtidig.

Telefonhjelp

For dei som ikkje har høve til å registrere seg elektronisk, kan vi hjelpe ved at du ringer koronatelefonen på telefon 992 19 398

VIKTIG: Før du ringer, ha klar personnummer og mobilnummer slik at vi kan kontakte deg igjen seinare.