Koronavirus - Covid 19

Status, pr 22.10.2020: 1 påvist smitta, som er knytta til Havyard i Hyllestad. 

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf 57713900 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl 10:00 - kl 12:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Snakk med bestemor om brannsikkerheit!

Klikk for stort bileteVisste du at eldre er meir utsett for å dø i brann? Torsdag 1. oktober er det FNs eldredag. Bruk anledninga til å ta ein prat om brannsikkerheit med bestemor og bestefar.
Høyrer bestemor røykvarslaren som piper i rommet ved sida av? Kva med bestefar, kjem han seg ut om det oppstår ein naudssituasjon, om han ikkje kan bruke utgangsdøra? Nedsett høyrsel og dårlig mobilitet kjem med alderen. Dette gjer eldre menneske særlig utsett ved brann. Faktisk har personar over 70 år fire til fem gangar så høg risiko for å omkomme i brann samanlikna med resten av befolkninga

 

FNs eldredag 1. oktober er ei fin anledning for pårørande og andre til ein prat med eldre slektningar og andre kjende om brannsikkerheita. Prat om kva brannfeller som er i heimen, og kva ein kan gjere for å auke brannsikkerheita og kva ein bør gjere om brann skulle oppstå. Komfyren er den desidert største årsaken til husbrann. Det er fort gjort å gløyme eller sovne frå ein kjele på kokeplata. Snakk gjerne om kor viktig det er å vere vaken og til stades når man lager mat.

Andre tips til kva ein bør diskutere igjennom kan vere: trygg bruk av elektriske produkt, varsling og rømmningsvegar, sløkking av brann, levande lys og røyking. Sjekk at røykvarslar og brannsløkkingsapparat er på plass og fungerar. Du kan installere ein komfyrvakt som gjer at komfyren slår seg av når det oppstår farlige situasjonar. Du kan reingjere filteret i kjøkkenvifta over komfyren og du kan passe på at gardiner, duk, aviser og møblar er i god avstand frå panelomnar.

- På dsb.no finner dere brosjyrer og sjekklister på mange språk: https://www.dsb.no/menyartikler/kampanjer/kampanjemateriell-til-kjokkenpraten/ 

- På sikkerhverdag.no finner du råd for betre brannsikkerheit for eldre: https://www.sikkerhverdag.no/brann/forebygge-brann/bedre-brannsikkerhet-for-eldre/