Snart får du digital post frå Høyanger kommune

Digital post  - Klikk for stort bilete Høyanger kommune vil i løpet av mai gå over til å sende post digitalt. Har du allereie skaffa deg digital postkasse hjå Digipost eller e-Boks vil breva kome i den digitale postkassen du har valt. Om ikkje du har valt digital postkasse vil breva kome i Altinn.

 

Opprett ein digital postkasse

Stadig fleire offentlege verksemder vil sende deg digital post. Det er difor nyttig for deg å opprette ein digital postkasse der du får samla all post frå det offentlege.

Du kan velje mellom to postkassar - Digipost eller e-Boks. Les meir om korleis du opprettar digital postkasse på www.norge.no

 

Korleis mottar du posten framover?

Når du får digital post frå Høyanger kommune vil du få eit varsel på SMS eller e-post. Då veit du alltid når noko er sendt til deg. For å lese brevet loggar du deg inn på din postkasse. Du kan logge inn med MinID, BankID, Buypass eller Commfides.

Det er trygt og enkelt å ta imot post digitalt når du har ein digital postkasse. Du får posten din raskare fordi du slepp å vente på postgangen, og brev i postkassen kan lagrast der så lenge du ynskjer.

Kva skjer om du ikkje skaffar deg digital postkasse?

Brev frå Høyanger kommune vil du få i Altinn om du ikkje har digital postkasse - e-Boks eller Digipost. Merk deg at dokument som ikkje er opna i Altinn innan to yrkedagar blir skrivne ut og sende via Posten på papir.

Du kan også reservere deg mot kommunikasjon på nett. Du vil då få post frå det offentlege på papir, slik som før. Les meir om korleis du reserverer deg på www.norge.no/reservasjon

 

Publisert av Kari Iren Birkeland. Sist endra 19.04.2017 av Kari Iren Birkeland
 
 
Login for redigering