Koronavirus - Covid 19

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Søk midlar til lokale koronatiltak i Høyanger kommune

Klikk for stort bileteHydro Høyanger og Høyanger kommune samarbeider om lokale kulturføremål.

Høyanger kommune løyver 400.000 kr til lokale koronatiltak, den same summen Hydro Høyanger har gitt i gåve til formålet.

 

Felles prioriteringar for midlane er:

  • Å kompensere dokumenterte tapte eller mista inntekter grunna Covid 19 til lag- og organisasjonar i Høyanger kommune
  • Gode fritids- og kultuføremål der barn og ungdom vert prioritet.

Rapporteringskrav

Kort skildring av tiltaket

Enkelt budsjett

Stadfesting på utført tiltak, eventuelle avvik frå budsjettet.

Frist for rapportering mai 2021.

Det er fleire nasjonale tiltak som er på plass, sjå oversikt over ordningar på Regjeringen.no

Søknad med dokumentasjon sendast til Høyanger kommune innan 1. september 2020 til postmottak@hoyanger.kommune.no Merk søknaden med «Lokale koronatiltak kultur og fritid i Høyanger kommune».  Hugs kontonummeret til din organisasjon.