Songen og musikkens dagen 16. juni i Høyanger tettstad

Songen og musikkens dag 1 - Klikk for stort bilete Vi nærmar oss Songens og musikkens dag i Høyanger laurdag 16.06.18,

og vi er godt i gang med å planlegge program for dagen.

Dei førebelse rammene for dagen er slik:

KL. 12.00-16.00: SONG, MUSIKK OG DANS

Vi startar med oppmarsj frå ulike stader i Høyanger, med samling på Bytorget.

Deretter vert det konsert og framsyning der.

For at vi skal få på plass det endelege programmet for dagen, ber vi om at de melder dykk

på til rektor ved Høyanger kulturskule, Beate Kjølstad. Dersom de har det klart, ber vi og om

at de melder kva de vil spele, og om lag kor lang tid dette tek. I utgangspunktet avgrensar vi

det til 2-3 nummer pr. deltakar.

Vi ynskjer og at de skriv litt om korpset/koret/bandet/gruppa/dykk sjølve, og litt om stykka

de skal framføre, slik at vi kan presentere dykk på ein fin måte. Dette kan de sende når de er

klare med programmet dykkar.

Programmet vert avslutta med to fellesnummer, Gammel Jegermarsj og Basin Street Blues.

Sistnemnde blir distribuert etter kvart som ein melder seg på. Her kan òg kor/songarar delta.

Det vert kafè på Bytorget.

Meld dykk på til kulturskulerektor Beate Kjølstad, innan tysdag 22.05.18

beate.kjolstad@hoyanger.kommune.no, tlf. 99219371

Vi gler oss, og håpar på mange påmelde kor, korps, band, dansegrupper eller solistar!

Med vennleg helsing

Øygunn Mjellelid Gunnarskog og Kjell Arve Kvamme, Høyanger Skulemusikk

Gry Sissel Sagen, Fagforeningens Musikklag