Stenging av samfunnshuset 4. november 2019

Samfunnshuset i Høyanger skal stengast i samband med eit større rehabiliteringsoppdrag. I rehabiliteringsoppdraget ligg mellom anna å bytte ventilasjonsanlegg for å redusere fyringsutgiftene, modernisere elektriske tavler for å betre tryggleiken, montere heis for universell tilkomst til festsal/kino samt byte ut kinostolane.

Sannsynleg tidspunkt for oppstart og dermed stenging av heile samfunnshuset er 4. november. Ein påreknar langvarig stenging, over 1 år. Meir informasjon vil bli gjeve etter kontraktstingingar.