Synfaring Bispestova

I dag har Utval for kultur og folkehelse vert på synfaring i Bispestova .

Det har vore fleire « redningsaksjonar» opp gjennom år for å bevare Bispestova som truleg er bygd  i 1804. Heilt sikre er ingen, for enkelte gamle skrifter hevda at huset vart bygd på slutten av 1700 - talet. Dette er ein av landets eldste prestebustader.  Det er takka vere eldsjele som gjer at Bispestova fortsatt står og er snart ferdig restaurert. Sogn og Fjordane fylkeskommune med restaureringsleiar Stig Nordrumshaugen har hatt eit særleg ansvar i arbeidet. Venneforeninga for Bispestova i Lavik har lagt ned eit imponerande arbeid i å bevare den freda Bispestova. Eit særs viktig kulturminne med mange moglegheiter for bruk.  Utvalet fekk orientering om framtidige utfordringar knytt til  eigarskap, drift og vedlikehald