Synkenhytta - feil på elektrisk anlegg

Vi har dessverre ein teknisk feil på det elektriske anlegget på Synkenhytta. Det vil difor ikkje vere spenning verken på stikkontakt, lys eller panelovn.

Vårt eige tekniske personell har feilsøkt, men ikkje funne feilen. Det er reklamert overfor leverandør, og truleg må ein byte eit kort på sjølve DC/AC omformaren. Vår leverandør bestiller no elektrikar for å feilsøke. Vi reknar med at det er same feil som er oppdaga på ei av dei andre dagsturhyttene i fylket, og dersom det er slik, vil det desverre ta nokre veker før feilen er utbetra.

 

Klikk for stort bilete