Koronavirus - Covid 19

Vi oppfordrar innbyggarane våre om å unngå unødig reiser til Bergen på noverande tidspunkt. Dette på grunn av ei auke av smittetilfelle og ein uavklart smittesituasjon i samfunnet.

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf 57713900 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset? Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Systølen

Turen startar på 200 moh, Systølen ligg på 588 moh. Tek ca. 3-4 timar.  Gå skogsvegen til ende, gå rett opp nokre meter og følg merka sti mot høgre.Turen er bratt opp skogsvegen, går så over til fin sti i skogen med svak stigning.

Siste delen av turen går lett på fjellet fram til Systølsvatnet. Fortsett på høgre side av vatnet, og bli belønna med vakker utsikt over fagre Systølen.

Ein fin familietur.

 Adkomst og Parkering:

Ta av til venstre for elva i Bjordal, køyr fram Bjordalsdalen forbi siste garden. Sving til venstre opp skogsvegen som kjem like etter.

Køyr til vegkrysset, ta av til høgre. Etter nokre svingar kjem ein til parkeringa.(Skogsvegen går vidare, men er ikkje anbefalt og køyre, ta beina fatt!).