Testamentarisk gåve til Høyanger kommune

Måleri  Gunnar S.  1944 - Klikk for stort bilete Asbjørg Sæbøe har overrekte eit Gunnar S. Gundersen maleri frå 1944 til Høyanger kommune. Dette er ei testamentarisk gåve til kommune sitt kommande Gunnar S - galleri frå arvingane etter Sverre Sæbøe sitt dødsbu.

Høyanger kommune set stor pris på gåva og ordførar Petter Sortland takkar for maleriet med motiv frå Høyanger. Bilete visar området ved Skyttarhuset og nedover mot sjøen i nærleiken av den tidlegare danseflaken.

Du kan sjå bilete i Gunnar S. utstillinga ved Høyanger bibliotek.

 

Kort om kunstnaren:

Gunnar S. Gundersen (f. 1921- d. 1983) var ein banebrytar for den nonfigurative kunsten i Norge. Han kom som 6-åring til Høyanger der faren var rektor på middelskulen. I heimen var språk, litteratur, musikk så vel som sport og friluftsliv viktig. Interessa for teikning og måleri kom tidleg hos han, og i oppveksten vart han mykje brukt som illustratør og teiknar til ulike bestillingsverk i lokalmiljøet. I 1943 byrja Gunnar S. på Statens Håndverks-og Kunstindustriskole i Oslo, og seinare fortsette han på Statens Kunstakademi. Si første store utstilling hadde Gunnar S. i Kunstnerforbundet saman med Ludvig Eikaas og kona Gudrun Kongelf i 1950. Dette var den første utstillinga i Norge som berre viste abstrakt og nonfigurativ kunst. Slik sett er den blitt ståande som ein milepæl i norsk kunsthistorie så vel som å markere Gunnar S. som ein av dei viktigaste abstrakte kunstnarane i Norge.

 

Publisert av Anita Nordheim. Sist endra 07.08.2017
 
 
Login for redigering