Trimpoeng Høyanger kommune

  Vi erstattar Fjord til Fjell og lanserer Trimpoeng Høyanger kommune. Dette er eit enkelt turkonkurranse-konsept, der du går til ulike turmål i kommunen, og sjekkar inn på turmålet med appen på mobilen.  Her vil det bli lagt inn alt ifrå korte, enkle turar til meir krevjande turmål. 


Slik blir du med på Trimpoeng:


1.    Last ned Trimpoeng-appen. iPhone eller Android telefon.
2.    Registrer deg.
3.    Logg inn og velg konkurransen Trimpoeng Høyanger. No får du oversikt over alle turmåla i kartet. 
4.    Du kan delta aleine eller registrere eit lag med inntil 5 personar. Om du deltek på eit lag, vil både laget og kvar einskild person sin poengsum bli vist i resultatoversikta. 

Du kan laste ned appen i dag, men turmåla er ikkje aktive før 1. mai 2021.

 

Korleis sjekkar du inn på turmålet?

 

Du finn turmåla i appen og «sjekkar inn» når du kjem fram. Om innsjekkinga er vellukka, får du ei tilbakemelding. Du vil til ei kvar tid ha oversikt over kva turmål du har sjekka inn på og kor mange poeng du har. Dette finn du under «Min aktivitetslogg» i appen.

Får du ikkje sjekka inn?
 

  • Sørg for å ha siste versjon av appen
  • Hugs å aktivere stadtenester/GPS-posisjon på mobilen din før du startar turen. Dersom du skal til eit område med dårleg mobildekning, kan det vere lurt å klikke inn på turmålet før turen startar.
  • Får du ikkje sjekka inn på turmålet, send ein e-post til kine.gunnarskog@hoyanger.kommune.no, så registrerer vi turen i etterkant.


Del bilete frå turen din 


Del gjerne bileta dine på Instagram ved å merke dei med #trimpoenghoyanger. Bruk gjerne #hoyangerkommune og #trimpoeng også.

Samarbeid med tur og idrettslag 


Vi har mange tur- og idrettslag i kommunen som held lokale turkonkurransar. Kommunen har fått mange gode turforslag til Trimpoeng Høyanger.  
Idrettslag/tur og grendelag som har turpostar og merka stiar i kommunen:

  • Lavik IL
  • Vadheim IL 
  • Kyrkjebø IL
  • Balestrand og Høyanger Turlag
  • Nesse grendelag
  • Ortnevik grendelag 
  • Bjordal og Søride IL
  • Ikjefjord IL 
     

Hugs å skriv deg inn i turbøkene når du er på tur.

 

Treng du hjelp eller har spørsmål?


Ta kontakt med kultur- og folkehelsekoordinator på tlf. 451 42 074 eller send e-post til kine.gunnarskog@hoyanger.kommune.no. 

Få full oversikt over konkurransen her  
Trimpoeng Høyanger på Facebook