UKM 2020 i Høyanger - kven gjekk vidare?

UKM 2020 i Høyanger vart arrangert onsdag 12.02.20 i Høyanger Samfunnhus. Det var godt oppmøte og god stemning. Klikk for stort bilete 

Det vart ingen lett jobb juryen hadde for å plukke ut innslaga som skal representere Høyanger kommune på UKM-festivalen i Måløy 49.- 26. april. Det var 8 sceneinnslag, 4 utstillarar og 8 arrangørar i lokalmønstringa. Det var totalt  38 deltakarar. Det var 33. året på rad det vart skipa til lokalmønstring i Høyanger. Kveldens konferansierar var Eivor Ohnstad  – dei badt programmet saman på ein framifrå måte og var med på å lage god stemning i den fullsette salen.

Alle deltakarane fekk diplom, UKM-T-skjorte, UKM nøkkelband, UKM-korthaldarar, og UKM-drops frå Høyanger Kommune. I tillegg ville juryen gi ei tilbakemelding til alle deltakarane på scena og med utstillign, og denne vert sendt ut etterkant til deltakaren eller leiaren av gruppa.

Årets jury besto av Ariana Hjelmeland Rasdal, Stein-Frode Green Hofseth, Marte Strømmen, Camilla Merkesvik Ådland og Erlend Nybø. Følgjande er av fagpanelet plukka ut til å representere Høyanger kommune under UKM-festivalen i Vestland/Sogn og Fjordane i Måløy 24.-26. april:

ARRANGØR: Leander Larsen, Vegar Lykkebø, Glenn Andre Johansen

KONFERANSIER: Eivor Ohnstad

SCENE:

Hedda Ølmheim          Titler: Figures

Passion                        Titler: Schizophrenia

                                      Personer: Amanda Ekreskar, Fabian Ullebø, Martin Forfod, Oda Dingsøyr,

                                      Peter Oppedal, Sara Ueland

Nathalie Rolland         Titler: Doesn't Feel Like Home                                  

UTSTILLING:                     

Marie A. Ester             Titler: Morgon ved Sognefjorden

Astrid Volle                 Titler: Januarsol

Amanda Nygard         Titler: Neglekunst

Birgitte S. Østerbø     Titler: Jenta i lyset

GRATULERER TIL ALLE!