Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett.

Status pr 31.03.2020: Ingen nye smittetilfelle. 

Vi gjer alt vi kan for å hindre og førebygge smitte. Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak er forlenga til 13. april.

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Utsetting av betaling av kommunale avgifter og eigedomsskatt

Klikk for stort bileteFor å avhjelpe likviditetssituasjonen for næringsdrivande og permitterte kan dei som er ramma av innskrenkingane i samband med koronautbrotet sende ei melding til Høyanger kommune, postmottak@hoyanger.kommune.no, og merke den med økonomikontoret, så vil vi gi utsetting med betaling av 1. termin kommunale avgifter, til i første omgang 15.8.2020. Faktura blir sendt ut i slutten av mars månad.