Vaksinering mot sesonginfluensa 2017

Du kan ta vaksine mot sesonginfluensa i veke 42, 43 og 44 i Høyanger kommune.

Vaksinering - Klikk for stort bilete

Vaksinedagar i Høyanger kommune

Høyanger helsestasjon i 3. etg. på Høyanger helsesenter

  • torsdag 19. oktober kl. 09:00 - 15:00
  • måndag 23. oktober kl. 09:00 - 15:00
  • torsdag 26. oktober kl. 09:00 - 13:00 og kl. 14:00 - 18:00

Lavik legekontor

  • måndag 30. oktober kl. 09:00 - 14:00
  • onsdag 1. november kl. 09:00 - 14:00

Søreide legekontor

  • tysdag 31. oktober kl. 09:00 - 14:00

Prisar

Risikogrupper: kr. 140,- pr. vaksine. Betalinga kan skje kontant eller med bankkort.

Dersom det er nokon som ikkje får utført vaksinering på oppsette dagar, kan ein henvende seg til legekontoret og avtale tid for vaksinering.

Folkehelseinstituttet sine anbefalinger

Sesonginfluensavaksinering er først og fremst anbefalt til personar som risikerer alvorleg sjukdom eller død dersom dei blir sjuke med influensa (risikogrupper).

Risikogrupper

  • alle frå fylte 65 år
  • bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
  • gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester)
  • born og vaksne med:
    • diabetes mellitus, type 1 og 2
    • kronisk luftvegssjukdom (inkludert astma)
    • kronisk hjarte- og karsjukdom
    • kronisk leversvikt
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsatt infeksjonsforsvar
    • svært alvorleg overvekt (BMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom

Andre målgrupper

I tillegg er influensavaksinering anbefalt til følgjande grupper, primært for å beskytte andre (indirekte beskyttelse):

  • helsepersonell som har pasientkontakt
  • husstandskontakter til personar med nedsett immunforsvar
  • svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande gris

Meir informasjon om influensavaksine

Publisert av Anita Taftø. Sist endra 13.10.2017 av Anita Taftø
 
 
Login for redigering