Koronavirus - Covid 19

Status, pr 22.10.2020: 1 påvist smitta, som er knytta til Havyard i Hyllestad. 

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf 57713900 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl 10:00 - kl 12:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Vaksinering mot sesonginfluensa 2020/2021 for risikogrupper

Klikk for stort bileteVaksinering mot sesonginfluensa 2020/2021 vil i år foregå i Høyangerhallen, gymsalen på Lavik skule og gymsalen på Bjordal skule. Av omsyn til smittevern vert det begrensingar i forhold til tal personar som kan kome inn i bygga, og enkelte vil måtte vente ute eller i eigen bil før ein får kome inn til vaksinering. I Høyanger vert vaksineringa delt alfabetisk på to dagar.

Ein oppmodar om god hand- og hostehygiene.

Har du luftvegssymptom som feber, sår hals, hoste eller pustevanskar skal du ikkje møte opp til vaksinering.  Du skal då ta kontakt med legekontoret på tlf. 57713900 for avtale om vaksinering.

Vaksinedagar i Høyanger kommune

Høyanger hallen:

  • Torsdag 29. okt. kl. 09.00-18.00: etternamn frå og med A til og med N
  • Fredag 30. okt. kl. 09:00-15:00: etternamn frå og med M til og med Å

Gymsal ved Lavik skule:

  • Måndag 26. okt. kl. 09.00-14.00
  • Måndag 2. nov. kl. 09.00-14.00

Gymsal ved Bjordal skule:

  • Tysdag 27. okt. kl. 10.00-15.00

 

Eigenandel for risikogrupper: 50 kr. Betalinga kan skje kontant eller med bankkort.

Desse personane er spesielt tilrådde å ta influensavaksine og er derfinert som risikogruppe:

  • Alle som har fylt 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Barn og vaksne med:
    • diabetes mellitus, type 1 og 2
    • kronisk luftvegssjukdom
    • kronisk hjarte-og karsjukdom
    • kronisk leversvikt
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller -skade
    • nedsatt immunforsvar
    • svært alvorleg fedme (BMI over 40)
    • anna alvorleg eller kronisk sjukdom
  • Gravide frå 12. uke i svangerskapet

Informasjon om influensavaksine og risikogrupper finn ein på: www.fhi.no/sv/influensa/influensavaksine/