Koronavirus - Covid 19

 Vaksinering      Koronatesting       Siste nytt

Vaksinespørsmål: 992 19 398, mån-tors, kl. 08:00-kl. 15:00. Koronaspørsmål-nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Vaksinering mot sesonginfluensa 2021/2022 for risikogrupper

Vaksinering mot sesonginfluensa 2021/2022 vert i Høyangerhallen, gymsalen i Lavik skule og gymsalen i Bjordal skule. Vi vil oppretthalde smittevern og det vert restriksjonar på tal personar som kan kome inn i bygga. I Høyanger vert vaksineringa delt alfabetisk over to dagar.

Vi oppmodar om god hand- og hostehygiene.

Har du luftvegssymptom som feber, sår hals, hoste eller pustevanskar skal du ikkje møte opp til vaksinering. Du skal då ta kontakt med legekontoret på tlf. 57713900 for avtale om vaksinering.
 

 

Vaksinedagar i Høyanger kommune

Høyangerhallen:

Torsdag 28. okt. kl. 09.00-18.00: etternamn frå og med A til og med M

Fredag 29. okt. kl. 09:00-15:00: etternamn frå og med N til og med Å

Gymsal ved Lavik skule:

Måndag 1. nov. kl. 09.00-14.00

Onsdag 3.nov. kl. 09.00-14.00

Gymsal ved Bjordal skule

Tysdag 2. nov. kl. 10.00-15.00

Vaksineringa er gratis.

 

Desse personane er spesielt tilrådde å ta influensavaksine og er definert som risikogruppe: 

• Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
• Alle frå fylte 65 år 
• Barn og vaksne med:
- diabetes mellitus, type 1 og 2 
- kronisk lungesjukdom (inkl. astma)
- hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
- kronisk leversvikt 
- kronisk nyresvikt 
- kronisk nevrologisk sjukdom eller –skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
- nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar) 
- svært alvorleg fedme (KMI over 40) 
- anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
• Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide 1. trimester med anna tilleggsrisiko. 
• Prematurt fødte barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månadar til 5 år. 

Informasjon om influensavaksine og risikogrupper