Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett. 

Det er framleis viktig å halde fram med dei nasjonale smitteverntiltaka, særleg når vi no kjem gradvis i meir aktivitet. 
Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. 
VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Varden (toppen av Hestkamben)

Parkering ved Bjordal kyrkje. Gå kyrkjevegen til ende, fortsett over bøen til raudt hus. Der startar god sti på utsida av gjerdet.

Stigning opp til Vetlenova. Vidare er det bratt stigning til Storenova. Bjordal/Søreide IL har trimpostar på desse to stadane. Frå Storenova til Varden går stien i nye motbakkar i myrlendt terreng til målet er nådd. Varden er høgste punktet på Hestkamben (656 m.o.h.), og det er flott utsikt over Osland, Fuglsetfjorden, Bjordal og fjella rundt.

Tidsbruk t/r: 2-3 timar.

Ein kan også køyre inn til Førde og opp til Hestfossen, ta til venstre og køyre til Lonene og parkere der. Derifrå går ein inn Hestdalen før ein liten stigning til venstre opp på Hestkamben. Lett kupert terreng til Varden og nedstigning til Bjordal. Dette er ein fin tur med god utsikt.

Tidsbruk:3-4 timar.

Klikk for stort bileteVarden

Publisert av Synne Vefring. Sist endra 15.04.2015