Koronavirus - Covid 19

Status 09.04.2021: Ingen nye påvist smitta. Vi har framleis ein påvist smitta som sit i isolasjon. 

Koronainformasjon frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open mån - tors, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Vi opnar opp for aktivitet for dei over 20 år

Klikk for stort bilete Lavik karateklubb Beredskapsleiinga, i samråd med kommuneoverlegen, tilrår at det lokalt i Høyanger kommune opnast for fritidsaktivitetar for vaksne over 20 år, frå og med 8. februar 2021.

  • Vi oppmodar om at ein ikkje kryssar kommune-grenser for å delta i aktivitetar.
  • Ved lokalt smitteutbrot vil det igjen kunne stengast på kort varsel.

Det er gjort ei grundig fagleg vurdering, som er i tråd med sentrale helsemyndigheiter. Kommuneoverlegen i samråd med beredskapsleiinga, finn ikkje vesentlege grunnar til ikkje å tilrå fritidsaktivitetar for vaksne over 20 år, i høve den noverande lokale smittesituasjonen. Utifrå eit smittevern-perspektiv har det lite nytteverdi å framleis halde stengt, og det vurderast at det er for stor tiltaksbyrde for lokalsamfunnet å ikkje opne opp for aktivitetar.

Det er eit absolutt krav om at smittevern-tiltak må overhaldast, inkl. risikovurdering av deltakarane på aktivitetane.