Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett. 

Det er framleis viktig å halde fram med dei nasjonale smitteverntiltaka, særleg når vi no kjem gradvis i meir aktivitet. 
Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. 
VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Vil du kome i betre form?

NAV-logo - Klikk for stort bileteHøyanger kommune/NAV har sidan hausten 2017 jobba med eit prosjekt med tilskot frå Arbeid– og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet. Her er det tilsett personar som sjølv har vore i ein utfordrande situasjon knytt til arbeid og helse. Dei ynskjer å bruke sine erfaringar til å hjelpe andre.

Malin Frøyen Bergseth er ein av desse.  Det er sett i gang ulike tiltak og no vil vi sette fokus på fysisk aktivitet på vegen mot betre helse.

Klikk for stort bilete

«Hei

Mitt navn er Malin og eg er ansatt i Høyanger Kommune/NAV Høyanger i prosjekt. I første omgang ut året.

Mitt utgangspunkt er det eg har vert igjennom og måten eg har trent meg opp igjen på. Eg har trent meg opp på egenhånd med svært enkle grep og prosesser. Så i den forbindelse er eg ansatt for å hjelpe akkurat deg om du trenger det. Dette er eit lavterskel tilbud gratis til absolutt alle.

Om du har store helse utfordringer eller av andre grunner ikkje vil trene/være aktiv i sammen med andre så er det en til en trening som kan være aktuelt. Det vil bli satt opp personlige tider eller felles tider alt etter ønske.

Dette er kanskje muligheten du har venta på...ta kontakt så trener vi i lag...uansett utgangspunkt.»

Sporty hilsen Malin
Tlf 411 79 097
Snapp:olympiskmester