Visma flyt skole - Kontaktopplysningar foreldre/føresette

Hausten 2018 tar vi i bruk eit nytt digitalt system for skuleadministrasjon, Visma flyt skole (VFS).
Alle foreldre/føresette har ansvar for å redigere og oppdatere kontaktinformasjonen, slik at skulane har tilgang til dei rette opplysningane. Dei som enno ikkje gjort det, bør gjere dette så fort som mogleg.

Kontakt skulen eller Jorunn Flæthe, tlf 57711564 eller Hilde Johanne Bjørkhaug, tlf  928 30 852, dersom du har problem med å logge deg inn i VFS.

Løysinga digitaliserer ei rekkje prosessar knytt til elevane og lærarane sin skulekvardag og skal vere med på å betre samarbeidet mellom skulen og heimen.

I den nye løysinga kan du:

  • Endre kontaktinformasjon og du har oversikt over barn(a) du har på skulen
  • Søkje permisjon for elev
  • Søkje om plass på SFO
  • Sjå karakterar og vurderingar
  • Melde fråvær og sjå fråvær
  • Sjå timeplan
  • Alle søknadar, brev, dokument og meldingar
  • SFO informasjon og faktura
  • Oversikt over faggrupper og lærarar
  • Lenker til viktig informasjon som skulen ønskjer å dele med heimen

Innlogging til VFS for føresette skjer via ID-porten.

Brukarmanuel for pålogging.

Her kan få meir informasjon om Visma flyt skole.