Jodtablettar
Ved ei atomulykke kan radioaktivt jod bli spreidd via lufta og bli teke opp i skjoldbruskkjertelen når ein pustar inn forureina luft og/eller inntek forureina mat og drikke. Jodtablettar blokkerar opptaket av radioaktivt jod i skjoldbruskkjertelen, og reduserer risikoen for å få kreft i skjoldbruskkjertelen som følgje av radioaktivt jod. Jod-tablettar beskyttar mot radioaktivt jod, og ikke mot andre radioaktive stoff. Råd om å ta tablettane vil ofte bli gitt saman med eit råd om å opphalde seg innandørs i opptil 2 døgn. Tablettane skal berre takast etter råd frå myndigheitene. I tilfelle ei atomulykke, vil råd bli gitt gjennom media, relevante myndigheiter og Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet.
Det er spesielt viktig at barn og unge under 18 år, gravide og ammande tek tablettane då dei har størst risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen etter å ha blitt utsett for radioaktivt jod. Det kan i heilt spesielle situasjonar òg vere aktuelt med tablettar for vaksne mellom 18 og 40 år. Personar over 40 år har svært liten risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen, som følgje av radioaktivt jod, og treng ikkje å ta jodtablettar. Personar som har operert bort skjoldbruskkjertelen treng ikkje å ta jodtablettar.
Myndigheitene vil gje nærare råd om kva grupper av befolkninga som skal ta tablettane ved ei atomulykke.
Distribusjon av jodtablettar i Høyanger kommune
Høyanger kommune har plassert ut ut jodtablettar på alle våre skular og barnehagar.
Jodtablettane blir oppbevart i lag med bruksanvisning/rettleiar og liste over personar som skal ha jodtablettar ved ei atomulykke. Oversiktslista skal oppdaterast med jamne mellomrom.
Jodtablettar vert ikkje delt ut til barn under 16 år utan samtykke frå forelde/føresette. Alle foreldre/føresette til barn og ungdom har fått tilsendt samtykkeskjema for utfylling og retur til tenesteområde oppvekst. Det øvrige kommunale lager av jodtablettar, som ved ei atomulykke skal delast ut til personar under 40 år, er på legekontora i Høyanger, på Sørsida og i Lavik.
Meir informasjon frå DSA finn du her
Du finn også informasjon om jodtabletter ved atomhendingar på Helsedirektoratet sine sider
Statsforvaltaren i Vestland sin informasjon om jodtablettar og krigen i Ukraina