Koronavirus - Covid 19

Koronainformasjon frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open mån - tors, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Oppmoding til tilsette

Høyanger kommune kjem med følgande oppmoding til sine tilsette:

FHI melder at det i løpet av sist veke blei meldt 1 686 tilfelle av covid-19, som er ei auke på 79 prosent frå veke 42. Dette er ei tydeleg auke i rapporterte smittetilfelle. 
Utdrag frå rapporten viser ei auke i dei fleste fylke og aldersgruppe, talet er aukande og den mest vanlege smittestaden er mest truleg frå eigen husstand, private arrangement, skular og universitet. 
Les heile rapporten frå FHI her

1. Kommunen ønskjer med bakgrunn i dette at tilsette må følgje dei nye råda frå Helsedirektoratet: 
At ein i eigen heim, hage eller hytte ikkje bør ha fleire enn fem gjester i tillegg til dei som bur i bustaden og avgrense tal personar ein er samen med i sosiale samanhengar. Ein bør altså ikkje vere saman med stadig nye personar frå dag til dag i løpet av ei veke. Her kan du lese meir om råda frå Helsedirektoratet

2. Vi ber tilsette unngå å reise til, og få besøk av personar som kjem frå, raude område.
 
Takk for at du hjelper til med å hindre smitte!

Mvh
Kristine B. Longfellow
Kommuneoverlege