HKBil - Høyanger kommune sitt bedriftsidrettslag

HKBil.jpg - Klikk for stort bilete

Under finn du litt generell informasjon om Høyanger kommune sitt bedriftsidrettslag. 

Trimkort

HK-BIL har tilbod om trimkort. Desse kan no kjøpast av både medlemmar og ikkje-medlemmar. Haust/vinter varer frå 1. november til 31. mars. Vår/sommar er som før 1. april til 31. oktober. I samband med dette vert det to trekningar på innleverte kort.

Styret har bestemt at alle medlemmar får eit kort pr. sesong gratis. Gjeld frå og med 1.november 2016. Dette kortet kan kun hentast hjå Anita Sæle (Høyanger skule).

Frist for innlevering av kort er ei veke etter sluttdato.

Korta er like, og ein leverer når det er fullt. Kortet kan brukast på tvers av begge sesongane.

Oversikt over postar finn de i eiga brosjyre (PDF, 292 kB).

Korta kan kjøpast på Høyanger skule(Anita Sæle), Rådhuset, Høyanger Norsksenter(Hilde Johanne Bjørkhaug på Høyanger vidaregåande skule)  og Joker Kyrkjebø.

Vi ynskjer tilbakemeldingar på aktuelle trimpostar i Lavik, Vadheim og Sørsida.  Vi prøvde det fyrste året utan at det vart brukt. Håpar vi kan få det opp og gå att.

Symjehall

Vi har gjennom samarbeid med kommunen fått utarbeidd gode prisar i

Rabatten gjeld på alle typar billettar. Til dømes får ein 400,- i rabatt på årskort eller familieårskort. Om begge vaksne i ein familie er medlemmar i HK-BIL vert rabatten 800,- på eit familieårskort.

Meld frå om at du er medlem i HK-BIL når du skal kjøpe billett.

Høyangerhallen

I Høyangerhallen har vi desse tilboda:

Volleyball

Onsdagar 20:30-22:00 i Høyangerhallen.

Fotball

Onsdagar 20:30-22.00 i Høyangerhallen.

Passar for alle uansett nivå. Ta gjerne med deg nokon så vi blir fleire.

Om du ikkje jobbar i kommunen og ynskjer å vere med på volleyball og fotball, kan ein vere gjestemedlem. Då betalar du kr. 300,- pr. kalenderår. Konto nr. 3705.30.41672.

Fjellturar

HK-BIL har òg varierande tilbod om ymse fjellturar. Vi håpar å få til både dagsturar og ettermiddagsturar.

Medlemskap

Ynskjer du å bli medlem i HKBIL, ta kontakt med leiar Anita Sæle på e-post: anita.saele@hoyanger.kommune.no eller på tlf. 917 96 023.

Prisen er kroner 200,- pr. år. Dette vert trekt frå lønna på hausten.

Publisert av Anita Taftø. Sist endra 05.09.2017 av Jorunn Flæthe
 
 
Login for redigering