Visma for tilsette

Alle tilsette har tilgang til Visma WEB,og det er den enkelte si ‘Minside’ i Visma Enterprise (løn- og personalsystem). Her vil du mellom anna finne lønsslippen din og tilsetteopplysningar om deg sjølv. Du som er tilsett på dagtidseining skal òg levere timelister, fråver og ferie frå Visma WEB. Du vil herifrå òg komme vidare inn på reiserekning (Expense).


 

Brukarrettleiing og pålogging

Korleis du loggar deg på med brukarnamn og passord, finn du i Del I av brukar rettleiinga (PDF, 150 kB), som mellom anna omhandlar pålogging.

For deg som ikkje har vore pålogga tidlegare, vil du motta ein epost med brukarnamn og passord. Les uansett brukarrettleinga for pålogging.

Det er ein føresetnad at du er registrert med epostadresse i lønssystemet, om ikkje, må du kontakte lønskontoret.

For å logge deg på Visma WEB, nyttar du lenkja her: https://vismahoyanger.sysikt.no/enterprise/

Dersom du får problem med pålogging, ta kontakt med lønskontor/IKT.

Kontaktar IKT: Ingrid Fureli tel. 57 71 15 25/992 19 360, Simen N. Wiik tel.57 71 15 87/459 78 810

 

Tilsette på dagtidseiningar

Frå og med august/september og utover hausten vil alle dagtidseiningar gå over til å nytte Visma WEB for registrering av timar, fråver og ferie. Det vil komme meir informasjon om utrulling og opplæring. Først ut vil vere alle skulane og sfo, dei har oppstart frå nytt skuleår.

Brukarrettleiing Visma WEB Del II (PDF, 984 kB) -  for tilsette (registrering av timar, fråver og ferie)

OBS! Alle turnuseiningar skal fortsetje å bruke Tieto Min arbeidsplan (RS) som før.

For leiarar

Brukarrettleiing Visma WEB Del III (PDF, 240 kB)- for leiarar (godkjenning av timar, fråver og ferie)

 

Reiserekning

Brukar rettleiing (PDF, 2 MB)til Expense (elektronisk reiserekningssystem).

Her kan du enten logge på via Visma WEB ,eller direktepålogging til reiserekning Visma.net
 

NB! Brukarrettleiinga er lik uavhengig av påloggingsmetode. Ver merksam på at ved pålogging i appen Visma Attach, skal du nytte brukarnamn og passord som du har i Visma.net

For førstegang pålogging i Visma.net, og dersom du har gløymt passordet, trykker du på lenka ‘Glemt ditt passord?’. Her legg du inn epostadressa di og trykker send forespørsel, du får så ein epost i retur med ei verifiseringslenkje der du no registrerer nytt passord. Epostadressa er kommunal epostadresse, eller dersom du ikkje har det, privat epostadresse som du er registrert med i lønssystemet.

Du finn oppdatert informasjon om tenestereiser i Staten sitt reiseregulativ (innenlandsavtalen).

Kontakt

lønskonsulent
  • Tlf: 57 71 15 17
  • Mob: $(MOBIL)
  • E-post:  

 

sekretær
  • Tlf: 57 71 15 10
  • Mob: $(MOBIL)
  • E-post: