Brukarrettleiing og pålogging
Korleis du loggar deg på med brukarnamn og passord, finn du i Del I av brukar rettleiinga (PDF, 150 kB), som mellom anna omhandlar pålogging.
For å logge deg på Visma WEB, nyttar du lenkja https://vismahoyanger.sysikt.no/enterprise/.
Får du intern feil ved id pålogging, følg rettleiinga her (PDF, 302 kB).
For deg som ikkje har vore pålogga tidlegare, vil du motta ein epost med brukarnamn og passord. Les uansett brukarrettleinga for pålogging.
Det er ein føresetnad at du er registrert med epostadresse i lønssystemet, om ikkje, må du kontakte lønskontoret.
Dersom du får problem med pålogging, ta kontakt med lønskontor/IKT.
Kontaktar IKT: Ingrid Fureli tel. 57 71 15 25/992 19 360
Tilsette på dagtidseiningar
Frå og med august/september og utover hausten vil alle dagtidseiningar gå over til å nytte Visma WEB for registrering av timar, fråver og ferie. Det vil komme meir informasjon om utrulling og opplæring. Først ut vil vere alle skulane og sfo, dei har oppstart frå nytt skuleår.
Brukarrettleiing Visma WEB Del II (PDF, 984 kB) - for tilsette (registrering av timar, fråver og ferie)
OBS! Alle turnuseiningar skal fortsetje å bruke Tieto Min arbeidsplan (RS) som før.
For leiarar
Brukarrettleiing Visma WEB Del III (PDF, 240 kB)- for leiarar (godkjenning av timar, fråver og ferie)
Reiserekning
Brukar rettleiing (PDF, 2 MB)til Expense (elektronisk reiserekningssystem).
Her kan du enten logge på via Visma WEB ,eller direktepålogging til reiserekning Visma.net
NB! Brukarrettleiinga er lik uavhengig av påloggingsmetode. Ver merksam på at ved pålogging i appen Visma Attach, skal du nytte brukarnamn og passord som du har i Visma.net
For førstegang pålogging i Visma.net, og dersom du har gløymt passordet, trykker du på lenka ‘Glemt ditt passord?’. Her legg du inn epostadressa di og trykker send forespørsel, du får så ein epost i retur med ei verifiseringslenkje der du no registrerer nytt passord. Epostadressa er kommunal epostadresse, eller dersom du ikkje har det, privat epostadresse som du er registrert med i lønssystemet.
Du finn oppdatert informasjon om tenestereiser i Staten sitt reiseregulativ (innenlandsavtalen).