Barnehage - betaling og moderasjon

Betalingssatsar for plass i barnehage gjeldane frå 1. januar 2019.

Foreldrebetaling:

100 %, heil plass kr. 2.990,- pr månad
80%, 4 dagar pr veke kr. 2.740,- pr månad
60 %, 3 dagar pr veke kr. 2.340,- pr månad
Dagplass i barnehage kr. 200,-

i tillegg kjem matpengar

 100 % plass  kr. 275,- pr månad
 80 % plass  kr. 225,- pr månad
 60 % plass  kr. 175,- pr månad
 Dagplass  kr. 55,-


Betalinga er lagt utover 11 månader med betalingsfri månad i juli.

Faktura blir sendt ut digitalt, du kan lese meir om det her.

 

Moderasjonsordningar


Reduksjon av foreldrebetaling

Kostnad på barnehageplass skal ikkje utgjere meir enn 6 prosent av hushaldninga si inntekt. Ordninga gjeld for hushaldning som har ei samla inntekt på under f.t kr 541 500.

Gratis kjernetid for 3-, 4- og 5-åringar

Alle 3-, 4- og 5- åringar har rett til 20 timar gratis opphaldstid pr veke dersom dei bur i ei hushaldning med samla brutto årsinntekt mindre enn kr 533 500. Satsen gjeld for barnehageåret 2018/19.  

Ei hushaldning si inntekt:

Ektefelle, registrert partnar og sambuar, si samla skattepliktige kapital- og personinntekt. Som sambuar vert rekna to personar over 18 år som har felles barn, eller har budd saman tolv av dei siste 18 månadane.

Dokumentasjon:

Som dokumentasjon på inntekta må søkjar legge ved nyaste skattemelding.
Dersom inntekta er vesentleg endra og dette er ei varig endring må du også legge ved dokumentasjon på dette, det kan t.d. vere lønnslipp, stadfesting frå NAV, evt anna.

Søknad sendast til:

Høyanger kommune, Postboks 159, 6991 Høyanger

Meir informasjon om moderasjonsordningane

finn du på udir.no si side

Søskenmoderasjon:


Dersom søsken går i barnehage og/eller i skulefritidsordning, skal det betalast fullt for den plassen som er dyrast.

  1. Moderasjon gjeld for plass i barnehage og/eller plass i skulefritidsordninga (SFO)

  2. Plass i barnehage:
    barn nr 2 - 30% reduksjon i foreldrebetalinga
    barn nr 3 - 50% reduksjon i foreldrebetalinga
    barn nr 4 - 50% reduksjon i foreldrebetalinga

  3. Plass i SFO:
    barn nr 2 - 25% reduksjon i foreldrebetalinga
    barn nr 3 - 40% reduksjon i foreldrebetalinga
    barn nr 4 - 50% reduksjon i foreldrebetalinga