Koronavirus - Covid 19

Vi oppfordrar innbyggarane våre om å unngå unødig reiser til Bergen på noverande tidspunkt. Dette på grunn av ei auke av smittetilfelle og ein uavklart smittesituasjon i samfunnet.

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf 57713900 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset? Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Institusjon - vederlag for opphald

Satsane for vederlag for opphald i institusjon vart sist endra i kommunestyret den 12.12.2019 i sak 94/19.

Satsane for vederlag følgjer satsane i "Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester".

Korttidsopphald

Satsen er frå 1. januar 2020 kr. 170,- pr døgn for korttidsopphald og kr. 90,- for dag-/nattopphald.

Langtidsopphald

Betaling for langtidsopphold vert rekna ut på følgande måte:

  • 75 prosent av inntekt inntil folketrygda sitt grunnbeløp, fråtrukke eit fribeløp
  • Fribeløpet vert fastsett av departementet og utgjør frå 1. januar 2020 kr 8.700,- per år
  • 85 prosent av inntekter ut over folketrygda sitt grunnbeløp, inkludert renteinntekter og anna inntekt frå formue