Krav og fristar

Parti og grupper som ønsker å stille ved kommunestyrevalet 2023 i Høyanger kommune, må levere listeframlegg til valstyret i kommunen innan 31. mars klokka 12:00.

 

Kva er listeforslag? 

Ønsker du å stille til val, må du stå på eit listeforslag. Du kan enten stille for eit eksisterande parti eller opprette eit eige listeforslag. Kven som helst kan opprette listeforslag, men du må oppfylle visse krav for å bli godkjent for å stille til val. Godkjente listeforslag er grunnlaget for stemmesedlane som blir produsert og brukt ute i vallokala i kommunen. Nytt for valet i 2023 er at parti og grupper kan levere elektronisk listeforslag. 

Fristar

Fristen for innlevering av listeforslaget er fredag 31. mars 2023 klokka 12:00.

Det er krav om at forslaget er kome fram til kommunen. Ved elektronisk innlevering er det lett å kontrollere dette innleveringstidspunktet. Ved papirinnlevering er det ikkje nok at listeforslaget er poststempla innan fristen. Fysisk innlevering kan berre skje til Høyanger rådhus – opningstid kl. 08:00–15:45.

Fristen for å trekke tilbake listeforslaget er torsdag 20. april 2023, klokka 12:00. 

Krav til listeforslag

Saksbehandlinga

Når eit listeforslag er levert, elektronisk eller på papir, vil den siste innleverte lista før fristen vere grunnlaget for behandlinga av listeforslaget.

Slik er behandlinga:

  • Listeforslag blir lagt ut til ettersyn etter kvart som dei kjem inn.
  • Om listeforslaget ikkje følger lovverket, vil kommunen kontakte den tillitsvalde for å forsøke å få lista i samsvar med lova.
  • Kommunen sender brev og informerer alle kandidatene på vallista.
  • Om ein kandidat står på fleire lister, eller ein underskriver har signert på flere lister, blir desse kontakta av kommunen. Vedkommande får ein frist til å avklare kva listeforslag kandidaturet eller signaturen skal gjelde for.
  • Valstyret skal godkjenne listeforslaga innan 1. juni i valåret.

Klage

Du kan klage på vedtaket om godkjenning eller forkasta listeforslag. Dette må gjerast innan sju dager etter at overskriftene på listeforslaga vart offentliggjort. Klage sendast valstyret i Høyanger kommune.