Kommunevåpen

Inge Rotevatn har teikna kommunevåpenet til Høyanger kommune.

Kommunevåpenet til Høyanger kommune - Klikk for stort bilete

I samband med at formannskapslovene i 1987 var 150 år, vedtok kommunestyret å få utarbeidd eit godkjent kommunevåpen.

Kunstnaren Inge Rotevatn fekk i oppdrag å utarbeide utkast til kommunevåpen for Høyanger kommune. Tre alternativ låg føre då kommunestyret den 12. mars 1987 godkjente at kommunevåpenet skulle vere "TRE ELDAR" (undertittel "Eld og Energi" med sølv motiv på blå botn)".

Våpenet er godkjent ved kgl. Res. i statsråd den 15. mai 1987.

Det er strenge krav for bruk av kommunevåpen, og kommunestyret vedtok i september 1987 "normalforskrifter for bruk av kommunevåpen", vedteke av styret i Norske Kommuners Sentralforbund 12.11.1976.

"Høyanger kommune sitt våpen, fastsett ved Kongeleg Resolusjon den 15.05.1987 er: På blå bakgrunn tre sølv flammer i skrå rekkje."

Kommunevåpenet finn ein igjen i ordførarkjedet sin medalje som elles har mange symbol frå vasskraft og turbinar. Ordførarkjedet vart gitt som gåve frå Fokus Bank og overlevert på kommunestyret sin julemiddag 17. desember 1987.

Les her om då Høyanger kommune fekk overrekt ordførarkjedet (PDF, 341 kB).

Publisert av Anita Taftø. Ansvarleg Rådmann. Sist endra 22.04.2015 av Anita Taftø
 
 
Login for redigering