Koronavirus - Covid 19

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf 57713900 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl 10:00 - kl 12:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Høyanger kommune kjem med følgande oppmoding til sine tilsette:

FHI melder at det i løpet av sist veke blei meldt 1 686 tilfelle av covid-19, som er ei auke på 79 prosent frå veke 42. Dette er ei tydeleg auke i rapporterte smittetilfelle. 
Utdrag frå rapporten viser ei auke i dei fleste fylke og aldersgruppe, talet er aukande og den mest vanlege smittestaden er mest truleg frå eigen husstand, private arrangement, skular og universitet. 
Les heile rapporten frå FHI her

 

Før du møter opp til time hjå fastlegen din eller vakthavande lege må du ha tenkt igjennom følgjande:


 

- Har du per no symptom som feber, vond hals, hoste, tung pust, snørrete og/eller tett nase, 
  redusert smak- og/eller luktesans?
- Er du i karantene på grunn av reise eller nærkontakt med ein person som er smitta med
  koronaviruset?
- Har du fått påvist koronasmitte eller ventar du på prøvesvar?
- Har du forkjølelsessymptom og har testa negativt for korona?

 

Det vert lagt til rette for å kunne ta imot besøk i sjukeheimar og omsorgsbustadar, men besøk må alltid avtalast på førehand.

Besøkande som har vore på reise i Noreg

Smittesituasjonen i Noreg kan utvikle seg raskt og kva område som har auka smitte med covid-19 vil endre seg. Det er framleis auka smitte med covid-19 i enkelte område i Noreg. Vi må gjere det vi kan for å unngå at pasientar og bebuarar i sjukeheim og i omsorgsbustadane vert utsett for smitte. Det vert difor innført besøksrestriksjonar for personar som har vore på reise i område med mykje smitte.

Pårørande eller andre som har vore på reise i områder som er raude kan ikkje komme på besøk i omsorgssenteret før 10 dagar etter heimkomst.

Symjehallen i Lavik er stengt ut veke 42, dette på grunn av uavklart smittesituasjon i samfunnet og at symjehallen er samlokalisert med helsesenteret i Lavik. 

Takk for at du hjelper til med å hindre smitte!

Det er påvist 56 smitta personar i Hyllestad med Covid-19. Høyanger og Hyllestad kommunar har felles bu- og arbeidsområde, og pendling til arbeid mellom kommunane og deltaking i ulike aktivitetar på fritida.
Vi tilrår innbyggarane våre å unngå sosiale samankomstar og treningsaktivitetar med fleire i lag.
I samband med at det også er smitteutbrot i Askvoll kommune bør ein i tillegg unngå unødvendige reiser til og frå desse kommunane til situasjonen er meir avklart. 
 

Høyanger kommunen følgjer tett med på utviklinga i Hyllestad og samfunnet elles.

Beredskap

Høyanger kommune har sidan skulestart etablert eit fast møtepunkt kvar onsdag, der korona-relaterte saker vert drøfta. Leiinga følgjer situasjonen i Hyllestad tett. Det vert sett i verk tiltak ved behov. Per 1. oktober 2020 er det ikkje påvist smitte i Høyanger kommune, men fleire er sett i karantene, mellom anna som følgje av situasjonen i Hyllestad.

 

Vi registrerer at det er uro om det er trygt for helgevikarar frå område med høg smitte å arbeide i helse. Høyanger kommune har rutinar for korleis vi vurderer om helgevikarar kan møte på arbeid eller ikkje. Vi utfører ei pre-screening av våre helgevikarar og utfører covid-19 test før dei kjem inn i våre einingar. Prøvesvar skal foreligge før dei kjem inn i arbeid.

Vi har tett dialog med helgevikarane og legg opp til ein låg terskel for å kontakt leiar ved det minste symptom, eller mistanke om at ein kan vere smitta.

 

I desse dagar er det mange som har fleire spørsmål om korona og det er snart haust, med meir forkjøling og influensa-sesong på veg. Retningslinjene endrar seg heile tida, så det er lurt å slå opp på FHI.no og leite etter svar. Nedanfor kjem litt råd, oppdatert den 28.08.2020.
Er du sjuk, med nyoppståtte symptom frå dei øvre luftvegane (nase, hals, lunge), bør du halde deg heime og sjå korleis det utviklar seg! Det kan vere vanskeleg å vite om det er ei vanleg forkjøling, Covid19 eller influensa, det kan også minne om allergi!

Av praktiske omsyn må du framleis ta kontakt med legekontoret for testing, (registrere test, lage til testutstyr osb). Testing utførast dagleg i vekedagar etter avtale frå kl. 11.00. Det er ikkje høve til å møte på døra for testing! Ring legekontoret 577 13 900 før kl. 10.30 måndag – fredag. Vi har andre ordningar i Lavik og på Søreide, kontakt legekontoret for informasjon.

Folkehelseinstituttet understrekar at kvar einskild person må ha ein mistanke om sjukdom/smitte og ikkje berre eit ønskje om å få testa seg.