Koronavirus - Covid 19

Status pr 03.12.2020: 5 påvist smitta, alle frå same husstand og dei sit i isolasjon. 45 personar er i karantene fram til og med fredag 4. desember. 

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf. 57 71 39 00 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Testing i Høyanger kommune - ring legekontoret 57713900

Av praktiske omsyn må du framleis ta kontakt med legekontoret for testing, (registrere test, lage til testutstyr osb). Testing utførast dagleg i vekedagar etter avtale frå kl. 11.00. Det er ikkje høve til å møte på døra for testing! Ring legekontoret 577 13 900 før kl. 10.30 måndag – fredag. Vi har andre ordningar i Lavik og på Søreide, kontakt legekontoret for informasjon.

Folkehelseinstituttet understrekar at kvar einskild person må ha ein mistanke om sjukdom/smitte og ikkje berre eit ønskje om å få testa seg.