Koronavirus - Covid 19

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Ordføraren si side

Petter Sortland (AP) vart 01.10.2019 attvald som ordførar i Høyanger kommune.  

Petter Sortland (fødd 1961) er opphavleg frå Årdal, men har budd i Høyanger sidan 1991. Sortland har sidan han kom til Høyanger vore næringssjef i Høyanger kommune gjennom sitt virke som dagleg leiar i Høyanger Næringsutvikling AS (HNU). Ei stilling han hadde frå april 1991 til han vart ordførar i oktober 2011.  Sortland har også hatt ansvaret for omstillingsarbeidet i kommunen frå 2004 til 2011. Petter Sortland har hatt ulike tillitsverv i jobbsamanheng, m.a. leiarvervet i tiltaksforum i Sogn og Fjordane. Tiltaksforum er eit fora for alle som jobbar med nærings- og tiltaksarbeid i fylket. Han har også frå 1992 og fram til han vart ordførar i 2011, hatt ulike tillitsverv i idrettsrørsla i kommunen.

I februar 2016 vart Petter Sortland vald til leiar i Sogn Regionråd. Sogn Regionråd er eit regionssamarbeid mellom dei 9 kommunane Høyanger, Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland. Petter Sortland har frå 2014 vore styremedlem i Sogn og Fjordane AP.

Petter Sortland er utdanna ved HSF i Sogndal, med grunnfag i samfunnsfag frå 1981, og DH kandidat i økonomi- og administrative fag (øk/adm) frå 1985. Han har vore faglærar ved Årdal Vidaregåande skule (1985-87) og avdelingsleiar i Sogn Sparedata AS (1987-91).

Kontakt

bilde av personen: Petter Sortland
Ordførar
  • Tlf: 57 71 15 52
  • Mob: 911 64 546
  • E-post: