Om Høyanger

Delt i to av den 18 mil lange Sognefjorden - den lengste og djupaste fjorden i verda, ligg Høyanger kommune med ca. 4300 innbyggjarar.  

Kommunesenteret

Kommunesenteret er tettstaden Høyanger, med ca 2 500 innbyggarar. Frå tidleg på 1900 -talet ikkje meir enn ei veglaus jordbruksbygd med ca. 120 innbyggjarar.

I 1916 oppdaga svenske ingeniører enorme vasskraftressursar som gav grunnlag for rask vekst innan aluminiumsindustri. Etter eit år med produksjonen, i 1920, var folketalet nærmare 1000. 10 år seinare i 1930 var folketalet i Høyanger over 2200.

Ei salig blanding av ingeniørar, funskjonærar og anleggsarbeidarar frå inn- og utland smelta saman til ein småby med ein heilt unik kultur, arkitektur og dialekt. Høyanger var blitt ein av dei største tettstadane i fylket.

Bygdene

Frå Kommunesenteret og vestover på nordsida av fjorden ligg bygdene Kyrkjebø, Vadheim, Norevikane, Torvund, Lavik og Lavikdal. På sørsida av fjorden finn ein bygdene Ortnevik, Søreide, Østerbø, Bjordal og Ikjefjord.

Alle og ein kvar vakse fram med utgangspunkt i si historie og sitt ressursgrunnlag, og plassert i omgivnadar av det slaget som lokkar turistar til Noreg.

Næringsliv

Dei fleste bedrifter og offentlege verksemder er lokalisert i kommunesenteret, som t.d Hydro Aluminium Høyanger Verk. Nokon av dei nyare verksemdene i kommunen veks innanfor tenesteområde som offshore, IKT, elektromekanisk og høgteknologi. Bygda Kyrkjebø husar Tronvik psykriatiske avdeling med ca. 100 tilsette, medan bygdene på sørsida av Sognefjorden har lange tradisjonar innanfor akvakultur og jordbruk.

Kommunikasjon

Kommunikasjonstilbodet i kommunen er godt utbygd med to ferjesamband over Sognefjorden, kort veg til Førde lufthamn, samt ekspressbåtruter til både indre Sogn og Bergen.

Kultur og fritid

Høyanger og dei omkringliggande bygdene innehar eit stort tilbod av kultur -og fritidsaktivitetar. Alt frå tradisjonelle kunstformer som korpsmusikk og idrett, til hardtslåande rockarar og tenorsongarar av høg klasse.

Sjå film frå Høyanger kommune på nettsida til Høyanger Næringsutvikling AS - www.hnu.no. Høyanger kommune har også eit samarbeid med tilflyttarportalen www.hittiloss.no. For å gå dirkete til Høyanger kommune sin profil sjå www.HitTilOss.no/Hoyanger