Arkitektur i Høyanger tettstad

Høyanger tettstad ved Sognefjorden vaks fram som ein del av industrieventyret tidleg på 1900-talet. Ein særmerkt og "klassisk" industristad forma frå grunnen av Noregs fremste arkitetar. Resultatet er ein mønsterby med trivlege byrom, staseleg byport og paradegate som strekk seg gjennom heile sentrum