Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett.

Status pr 03.04.2020: Ingen nye smittetilfelle, gjennomført 40 testar. Vi ønsker alle: God helg! 

Vi gjer alt vi kan for å hindre og førebygge smitte. Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak er forlenga til 13. april.

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Eld, kraft og vatn!

Over tid har politikarar, næringsliv, lag og organisasjonar og innbyggjarar arbeidd saman for å finne ut kva verdiar organisasjonen og lokalsamfunna i Høyanger kommunen skal stå for, og kva visjonar vi har for framtida. Først gjennom omdømeprosjektet, og så gjennom arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel. Kommunestyret har vedteke eigen visjon med stikkorda kraftfull, skapande og varm.

I eit forsøk på å kommunisere dette ut, og bli tydlegare i formidling av eit slikt bodskap har det blitt utvikla eit nytt designelement til bruk på nettsida vår, brevmalar, presentasjonar, brosjyremateriell, m.m. Designelementet tek utgangspunkt Høyanger kommune sitt kommunevåpen, og dei tre flammane som symboliserer eld, kraft og vatn. 

Eld understrekar bodskapen om Høyanger kommune som ein inkluderande organisasjon og eit samfunn prega av omsorg og varme. Kraft symboliserer styrke, handlekraft og vilje til å gjennomføre. Vatn er skapande, og ei kjelde til vitalitet og vekst.  Vatn symboliserer rørsle og endring, noko Høyanger kommune er i form av vilje til nytenking og omstilling. 
 

Klikk for stort bileteEld, kraft og vatn test