Koronavirus - Covid 19

Koronainformasjon frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open mån - tors, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Kyrkja i Høyanger

Kyrkja i Høyanger sine organ er eitt fellesråd som dekker eit område identisk med Høyanger kommune. I fellesrådet sit soknepresten og ein kommunal representant, samt to valde representantar frå kvart av dei fire sokneråda: Høyanger sokneråd, Kyrkjebø sokneråd, Lavik sokneråd og Bjordal og Ortnevik sokneråd.

Innanfor Høyanger kommune har kyrkja i dag to kontor: Høyanger kyrkjekontor og Lavik kyrkjekontor.

I Høyanger kommune er det for tida ein sokneprest busett i Høyanger, med Høyanger og Kyrkjebø som primærsokn. Soknepreststillinga for Lavik sokn og Bjordal & Ortnevik sokn er for tida vakant, og behovet for prestetenester i desse sokna vert mellombels løyst gjennom korttidsengasjement med pensjonert prest, busett i området.

Høyanger kyrkjelege fellesråd ligg under Sunnfjord prosti, som har kontor i Førde.
 
I Høyanger kommune er det fem kyrkjer som sokna eig. Kyrkjene er i Høyanger, Kyrkjebø, Lavik, Bjordal og Ortnevik. I tillegg er det eit privat bedehuskapell i Vadheim, som kyrkja ikkje eig, men har inngått leigeavtale.

Meir informasjon om kyrkja i Høyanger finn du på nettsida til Høyanger kyrkjelege fellesråd