Ny i Høyanger

Velkommen til Høyanger kommune! Vi kan tilby eit godt oppvekstmiljø, ei aktiv fritid med spanande aktivitetar og eit næringsliv i utvikling og vekst.

Som besøkjande eller som ny innbyggjar fins det truleg ein del spørsmål du ynskjer svar på. Nokon svar finn du på våre nettsider, men du er også hjartleg velkommen til å kontakte vårt sentralbord om du har ytterlagare spørsmål.

Ein plass å bu?

Høyanger kommune har ledige husvære for leige eller sal i Hjetlandsbakkane burettslag, Høgebakkane, Dalebøen burettslag, og Kyrre Greppsgate. Ta gjerne ein uformell kontakt med Randi Norevik v/teknisk forvaltning tlf: 57711535 om du lurer på moglegheita for å leige eller kjøpe.

Andre husvære for sal eller leige finn du i hovudsak i papirutgåva av lokalavisa Ytresogn, eller på:
www.finn.no
www.tinde.no
www.ssf.no

På jakt etter jobb?

Næringslivet i Høyanger kommune er i utvikling og vekst. Flesteparten av arbeidsplassane i kommunen finner ein innanfor offentleg sektor, industri og ulike tenesteleverandørar til industrisektoren. Kommunen har også ei vekst innanfor offshorerelatert verksemd, akvakultur, transport, IKT og anleggsverksemd.

Både offentlege og private verksemder i Høyanger kommune har mål om kompetanseheving. Ein av strategiane er rekruttering utanfrå. 

Ledige stillingar publiserast på www.nav.no, men i mange samanhengar kan det lønne seg å kontakte den enkelte verksemd direkte. Ein kan også kontakte Høyanger Næringsutvikling AS. Oversikt over verksemder i kommunen finn du her.

Skule- og barnehageplass?

Høyanger kommune ynskjer at barn og unge skal ha så gode oppvekstvilkår som råd, gjennom gode barnehage-, skule- og fritidstilbod. Høyanger kommune har barnehagar i Høyanger, Kyrkjebø, Vadheim, Lavik og Bjordal, tilsaman seks.

Høyanger har valt å halde fast ved ein desentralisert skulestruktur. Vi har grunnskule i Høyanger, Kyrkjebø, Vadheim, Lavik og i Bjordal. Høyanger, Kyrkjebø og Vadheim skular har og eit tilbod om skulefritidsordning (SFO).

Gjennom eit rikt lag- og organisasjonsmiljø er det gode fritidstilbod til barn, ungdom og vaksne i Høyanger kommune.

For ytterlegare informasjon sjå kontaktinformasjon i meny til venstre.

På besøk?

www.visithoyanger.no finn du informasjon om aktivitetar, overnattingsmoglegheiter, og meir i Høyanger kommune.

Korleis komme til Høyanger?

Næraste flyplass er Førde Lufthavn ca 50 km (40 minutt i bil) frå Høyanger tettstad. Sjekk avgangar hjå www.wideroe.no

Det går eksepressbåtsamband dagleg tur/retur Noreide - Lavik - Bergen. Nærmare informasjon om rutetider finn du her.

Ekspressbussane mellom Bergen-Trondheim trafikkerer E39 Vadheim-Lavik fleire gonger dagleg. Høyanger kan også nåast med ekspressbussane som trafikkerer mellom Oslo og Sogn og Fjordane fleire gonger dagleg.
Regionale/Nasjonale ruter 
Lokale ruter

Publisert av Synne Vefring. Sist endra 06.01.2014 av Synne Vefring
 
 
Login for redigering