Høyanger kommune - Trygt lokalsamfunn

Høyanger kommune er godkjend som "Trygt lokalsamfunn" i WHO (Verdens helseorganisasjon) sitt Safe community nettverk. Å ha status som "Trygt lokalsamfunn" vil seie at ein skal arbeide målretta og systematisk med å førebyggje skader og ulukker i tråd med 6 "reglar" utarbeidde av WHO.

Organisering - Trygt lokalsamfunn
Trygt lokalsamfunn er eit av satsingsområda i kommunen sitt folkehelsearbeid. Folkehelserådet er arbeids- og ressursgruppe med medlemmer frå kommunen, frivillige, privat næringsliv og politietat.
Kommunen, og dei største bedriftene i tettstaden har samarbeid om HMS-arbeid.
HMT-utvalet for utemiljø tek imot meldingar frå publikum, gjer synfaring og syter for utbetring av farlege forhold.

Hovedmålgrupper: Barn, ungdom og eldre.


Program barn og unge
Helsestasjonane har fokus på tryggleik i bil og på heimeulukker til alle foreldre. Praktisk og haldningsskapande trafikkopplæring i barnehage og skule i samarbeid med politi. Gratis sykkelhjemar til alle 4. klassingar. Ungdomskafeen, uformell møteplass for ungdom, blir drifta av ungdom i samarbeid med kommune.

Helgeaktivitetar er t.d. tur på ski, kano m.m. for ungdom frå heile kommunen i samarbeid med frivillege og kommune. Førstehjelp- og brannopplæring i skulen. "VIP"; veiledning og informasjon om psykisk helse og "Frysepunkt"; rusførebyggjande program i vidaregåande skule. Trafikktryggleiksarbeid gjennom idrettslag. Antidoparbeid gjennom idrettslaga, avtale med "Antidoping Noreg" om "Reint idrettslag".

Program "Trygge eldre"
Heimebesøk til alle som fyller 80 år. Samarbeid med frivillege og heimetenesta. Mål: Fallførebygging. Informasjon om bustadrådgjeving og tilrettelegging av bustad til alle som får heimebesøk. Sandbøtteaksjon: Gratis strøsand levert av kommunen om hausten. Trening i vatn med fysioterapeut. Oppfriskingskurs for bilførarar. Informasjon i pensjonistlag og sanitets- og helselag. "Trimløype" i helse- og omsorgsbygg. God og effektiv hjelpemiddelformidling.

Tryggleiksveka - målgruppe er all, men eitt hovedtema
Årleg i veke 38. Mål: Ha tryggleik i fokus. Samarbeid mellom kommune, privat næringsliv og mange frivillege organisasjonar. Torgdag med mellom anna brannvern og stand om rusførebygging. Eit spesielt tema i hovudfokus kvart år.


Eksempel på tema:

  • Trygg i vatn og båt
  • Trygge og aktive barn og unge - tryggleik i samband med fysisk aktivitet
  • Din Tur, trygg i naturen
  • Trygg bruk av nettet: mobil og data
  • Førstehjelp
  • Vald i familien, med særleg fokus på vald mot born
Publisert av Anita Taftø. Ansvarleg Folkehelsekoordinator. Sist endra 21.10.2015 av Anita Taftø
 
 
Login for redigering