Koronavirus - Covid 19

 Vaksinering      Koronatesting       Siste nytt

Vaksinespørsmål: 992 19 398, mån-tors, kl. 08:00-kl. 15:00. Koronaspørsmål-nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Førehandsstemming

Måndag 13. september 2021 blir det halde stortings- og sametingsval.
Velgarar som ønsker å stemme på førehand, kan gjere det i tidsrommet frå 10. august til 10. september 2021. 

I Høyanger kommune kan du førehandsstemme slik:

10.08. – 03.09.2021: Høyanger rådhus, resepsjonen, måndag-fredag kl 08:00 – 15:00
Laurdag 04.09.2021: Høyanger samfunnshus kl 11:00 – 15:00
Torsdag 09.09.2021: Høyanger samfunnshus kl 15:00 – 19:00
06.09. – 10.09.2021: Høyanger samfunnshus måndag-fredag kl 08:00 – 15:00

I tillegg vil det i veke 36 bli førehandsstemming på Sørsida Bygdetun, Lavik helsesenter, Kyrkjebø sjukeheim, Tronvik, Høyanger sjukeheim og omsorgsbustadane i kommunen. Tilsette og andre som ønsker å stemme på førehand, kan nytte seg av tilbodet på institusjonane. 


Ta med legitimasjon og godkjent valkort når du skal førehandsstemme. 

 

Ambulerande stemmemottaking

Dersom du på grunn av sjukdom, isolasjonsplikt som følge av covid-19 eller av andre grunnar ikkje kan møte opp på valdagen eller stemme på førehand, kan du søke valstyret om å få stemme heime. Dette gjeld også for velgarar som er i karantene og som ikkje kan førehandsstemme på ordinær måte.

Søknad sendast innan fredag 10. september kl 10:00 på epost: postmottak@hoyanger.kommune.no eller til Høyanger kommune, Postboks 159, 6991 Høyanger. Du kan og kontakte kommunen på telefon 57 71 15 00.