Koronavirus - Covid 19

 Vaksinering      Koronatesting       Siste nytt

Vaksinespørsmål: 992 19 398, mån-tors, kl. 08:00-kl. 15:00. Koronaspørsmål-nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Her kan du stemme - Stortingsvalet 2021

1000+650 - Klikk for stort bilete


Måndag 13. september 2021 skal det haldast val på representantar til Stortinget, og i Høyanger kommune kan du stemme på følgande stader:

 

Stemmelokale valdagen
Stad Opningstid
Ortnevik grendahus kl 09:00 - 10:30
Bjordal skule kl 11:30 - 16:15
Ikjefjord grendahus kl 17:30 - 18:30
Lavik skule kl 10:00 - 18:00
Vadheim skule kl 10:00 - 18:00
Kyrkjebø skule kl 10:00 - 18:00
Høyanger samfunnshus kl 09:00 - 19:00
Nessane sambrukshus kl 16:00 - 18:00

Merk spesielt stad og tid på Høyanger sørside.

Det er framleis høve til å førehandsstemme på Høyanger samfunnshus:

fredag 10.09.2021, i tida kl 08:00 – 15:00.


Hugs legitimasjon og gjerne valkort!

Stemmerett ved stortingsvalet har norske statsborgarar som fyller desse vilkåra:
- Fyller 18 år innen utgangen av 2021
- Er, eller har nokon gong vore, folkeregistrert som busett i Norge

Heimestemming

Er du sjuk, har symptom på covid-19, eller om du er i karantene eller isolasjon, kan du ikkje stemme i eit vallokale. Da må du søke om å stemme heime, eller der du oppheld deg.  

Frist for å førehandsstemme heime er fredag 10. september kl 10.
Frist for å stemme heime på valdagen er mandag 13. september kl 10.

Kontakt Høyanger kommune på telefon 57 71 15 00 eller epost: postmottak@hoyanger.kommune.no, innan oppgitt frist. 
 

Høyanger, 08.09.2021
Leiar i Valstyret, Petter Sortland