Koronavirus - Covid 19

 Vaksinering      Koronatesting       Siste nytt

Vaksinespørsmål: 992 19 398, mån-tors, kl. 08:00-kl. 15:00. Koronaspørsmål-nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Stortingsvalet 2021 - Står du i manntalet?

offisiell Vallogo - Klikk for stort bileteManntalet er lagt ut til offentleg ettersyn i resepsjonen i Høyanger rådhus som har opningstid måndag – fredag, kl 08:00 – 15:00.

Dersom du ikkje står i manntalet, kan du ikkje stemme ved stortingsvalet 13. september 2021.


Kven har røysterett? 

Ved stortingsvalet 2021 har du stemmerett dersom du oppfyller følgande vilkår:

  • er norsk statsborgar 
  • fyller 18 år innan utgangen av 2021
  • er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Norge dei siste 10 åra

Offenteleg ettersyn

Manntalet er ei oversikt over alle personar som har røysterett ved stortingsvalet. Alle med røysterett blir automatisk innført i manntalet. Sametinget har eit eige manntal for dei med røysterett til sametingsvalet. 

Har du nyleg flytta til kommunen og folkeregisteret har teke imot flyttemelding frå deg innan 30.06.2021, skal du stå i manntalet i Høyanger kommune. Dersom flyttemeldinga blei motteken etter denne datoen, står du framleis i den kommunen du flytta ifrå. Du kan velge om du vil stemme der på valdagen eller stemme på førehand. 

Krav om retting

Dersom du meiner du er feilaktig innført i eller utelate frå manntalet for Høyanger kommune, kan du kreve feilen retta. Krav om retting gjeld feil, ikkje om flytting etter 30. juni 2021.

Krav om retting skal vere skriftleg og grunngjeve. Send kravet pr. e-post: postmottak@hoyanger.kommune.no eller pr post til Høyanger valstyre, postboks 159, 6991 Høyanger.