Tidlegstemmegiving - Stortingsvalet 2021

Er du hindra frå å stemme i den ordinære førehandsstemmeperioden, og heller ikkje kan stemme på valdagen, kan du stemme innanlands frå torsdag 1. juli til måndag 9. august 2021. 

I Høyanger kommune kan du avgje tidlegstemme i Høyanger rådhus, i ordinær opningstid kl 08:00 – 15:00, måndag – fredag. 

Du kan tidlegstemme i alle kommunar i landet. Stemmegjevinga di vert sendt til den kommunen der du er manntalsført. 

Valstyret v/leiar Petter Sortland