FØREHANDSSTEMMING STORTINGS- OG SAMETINGSVAL 2017

offisiell Vallogo - Klikk for stort bilete

Dersom du ønskjer å stemme på førehand til stortings- og samtingsvalet 2017, kan du gjere det på Høyanger rådhus kvar vekedag frå kl 0800 – 1500 til og med fredag 8. september. 

I tillegg vil rådhuset vere ope for førehandstemming på følgjande dagar:

  • Torsdag 31. august       kl 1500 - 1900
  • Laurdag 02. september kl 1100 – 1500
  • Torsdag 07. september kl 1500 – 1900

Det vil og bli førehandstemming på institusjonane i kommunen på følgjande dagar:

· Sørsida bygdetun        tysdag 5. september kl 0930 – 1030

· Lavik helsesenter        tysdag 5. september kl 1200 – 1300

· Tronvik                        tysdag 5. september kl 1400 – 1500

· Kyrkjebø sjukeheim    tysdag 5. september kl 1515 – 1615

· Høyanger sjukeheim

  m/omsorgsbustader    onsdag 6. september kl 1000 – 1200

Tilsette ved institusjonane og andre som ønskjer å avgje førehandstemme kan gjere dette på institusjonane.

N.B. ! Hugs legitimasjon og valkort.

Ambulerande stemmemottaking

Vi minner og om at dersom du på grunn av sjukdom eller av andre grunnar ikkje kan møte

på valdagen eller stemme på førehand, kan du søke valstyret om å få stemme heime. Kontakt då Høyanger kommune på telefon 57 71 15 00 eller e-post:

postmottak@hoyanger.kommune.no innan 4. september.

 

Publisert av Ingrid Fureli. Sist endra 30.08.2017 av Ingrid Fureli
 
 
Login for redigering