Kvar kan eg stemme

stemmemottak1.jpg - Klikk for stort bilete Valdagen er i år mandag 11. september.
Er du ikkje heime valdagen den 11. september, kan du stemme på førehand!
 

 

Alle kommunar tek imot førehandsstemmer og sender desse til heimkommunen din.
Det er viktig at du avgjev di stemme i god tid før 8. september, slik at stemma di kjem fram i posten seinast valdagen.
 
Du kan førehandsstemme på Høyanger rådhus, i perioden 10.august - 8.september

Førehandsstemme:
Tidlegstemme frå 1. juli til og med 9. august, kontakt sekretær valstyret 57 71 15 50

Førehandsstemme i perioden 10. august til 8. september:

Høyanger rådhus, resepsjonen mandag - fredag kl 08.00 - 15.00

I tillegg vil det ein dag i veke 36 bli høve til å førehandsstemme på institusjonane i kommunen.  Her kan, i tillegg til bebuarane, alle som ønskjer det komme for å avgje stemme. Tid og stad vil bli nærare kunngjort seinare.

Ambulerande stemmemottak

Dersom du på grunn av sjukdom eller av andre grunnar ikkje kan møte opp på valdagen eller stemme på førehand, kan du søke valstyret om å få stemme heime. Søknad om dette må sendast til Høyanger kommune, postboks 159, 6991 Høyanger innnan 6.september. Du kan og kontakte kommunen på telefon 57 71 15 00 eller e-post: postmottak@hoyanger.kommune.no

Stemme valdagen
På valdagen kan du berre stemme i den kommunen du er registrert i folkeregisteret. Du kan stemme i ein annan stemmekrets enn den som står på valkortet i kommunen.Informasjon om ditt stemmelokale med opningstider står på valkortet, eller du finn opplysningar på valg.no

 

Publisert av Ingrid Fureli. Sist endra 12.07.2017 av Ingrid Fureli
 
 
Login for redigering