Står du i manntalet?

offisiell Vallogo - Klikk for stort bileteDersom du ikkje står i manntalet, kan du ikkje stemme ved kommune- og fylkestingsvalet.

Sjekk at du står oppført i manntalet. Manntalet ligg til offentleg ettersyn frå fredag 12. juli til og med valdagen på Høyanger rådhus 1. etg.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalslistene, eller det er andre feil i listene, kan du klage til valstyret. Klaga skal vere skriftleg, og må vere grunngjeven.

Adressa til valstyret er: Høyanger kommune v/valstyret, Postboks 159,  6991 Høyanger

 

Petter Sortland

leiar i valstyret